lørdag 1. mai 2010

Frykt i Hollywood

Dette er første post av Tilhengerne bestemmer, og betingelsene er satt av Meaghan. De lyder: Dikt, Identitetsforvirrelse, Jødisk kvinne som heiter Maria, På språkkurs i utlandet.
Ettersom Meaghan skriver nynorsk, og vi lærer å svare på det språket motparten henvender seg til oss på i skolen, har jeg forsøkt å løse oppgaven på nynorsk. Bær over med meg!

Vil du også komme med ideer til innlegg? Bli tilhenger av Digresjonsbloggen på Facebook!
------

Frykt i Hollywood


Frykt ikkje, sa læraren
Smilte vent mot studentane.
Maria satt på fyrste rad,
Store auge, blåsvart hår,
Stirra gapande på læraren.
Gabriel heit han, ljos og ven,
Skulle læra dei arameisk.
Til «The Fashion of the Christ»

Frykt ikkje, det er ikkje så vanskeleg,
Sa Gabriel, læraren,
Om de gjer feil, kan korkje eg
Eller nokon annan rette på dykk,
Vi talar ikkje arameisk.
Så frykt ikkje!

Men Maria frykta. Ho frykta Gabriel.
Ho frykta kjærasten heime, ho frykta framtida.
Frykt ikkje, hadde Gabriel sagt, frykt ikkje,
Men ho hadde frykta han, og ho angra.
Men ho skulle verte skodespelar, og noko,
Noko må ein ofre om ein skal verte skodespelar.
Noko. Noko som får dei til å sjå deg blant dei andre,
Noko som gjer at du skil deg ut. Maria frykta,
Sjølv om Gabriel sa «frykt ikkje».

Maria ville verte skodespelar.
Verte kjend.
Dette var hennar sjanse, ho skulle verte den neste store.
Ny storsatsing, ny film om Jesus.
Dei heime hadde ikkje tykt om det.
«Jesus er ikkje noko for oss,»
Sa mor. Og far. Og Josef.
«Du skal ikkje dra til Amerika»
Men det skulle ho
No var ho her.

Og ho frykta. Gabriel, Josef.
Gabriel hadde ledd og sagt:
«Frykt ikkje,» rolla var hennar.
No var ho kvalifisert, sa Gabriel,
Ho kjende skammen til Maria Magdalena.
Og ho kjende redsla.
Dei andre var ikkje iseraelarar,
Dei var amerikanarar.
Når ho tala hebraisk, tykte dei
Det låt arameisk, men korkje dei
Eller Gabriel
Kunne tala arameisk.

Dei skulle snart byrja filmingen,
«Maria Magdalena», sa manuset.

Kva skulle ho gjere når filmen var filma?
Når ho kom heim?
Kva ville snikkarkjærasten seie?
Gabriel hadde ledd, sagt
Frykt ikkje, fortel honom
At det er eit mirakel.

Men Maria ville ikkje vere
Hora. Maria Magdalena.
Men Maria ville ikkje vere
Kona. Kona til Josef.
Men kven var ho?

Frykt ikkje, sa Gabriel,
du kan nytta ein stor kjole

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar